Du er så lys

Omslag: Lene Ask (tegning), Exil Design
Forlaget Oktober 2016

Tore Renbergs overraska alle med denne intense romanen hausten 2016. Dramathrilleren reknast i dag av mange som forfattarens sterkaste bok.

Det er eit nytt år i den vesle bygda. I gata til Jørgen og Vibeke kjem det glede og endring når ein familie på tre flyttar inn i nabohuset. Faren Steinar er noko for seg sjølv, det står liksom ein eigen vind om han. Dei to familiane blir gode vener, men når fedrane reiser på fotballtur til London, får Jørgen sjå noko som gjer han uroleg. Det viser seg at Vibeke kjenner på den same uroa.

Kven er Steinar? Kva held han på med? Kva er det som gøymer seg i krafta hans?

Du er så lys var Tore Renbergs første på nynorsk. Ei nervepirrande og gripande bok om det vi ikkje får auge på, sjølv om det utspeler seg like framfor oss.

«En lysende helvetesreise ... gyselig spennende»

Knut Hoem, P2